Velkommen til Os Marina

Havnespy»-plakatar til småbåthamner

Det nærmar seg påske og folk skal ut på båttur.


Statsforvaltaren ønsker å legge til rette for at folk flest med båt er merksam på ein mogleg spreiingstrussel av havnespy knytta til slik aktivitet.


Sjølv om kartlegging er i gang, så har vi ikkje full kontroll på alle områder denne arten finst per i dag og alle bør vere ekstra på vakt og sjekke sine båtar som har lagt lenge i hamna før dei drar på tur. Vi viser her til allmenn aktsomheitsplikt i forskrift om framande organismar §18. Miljødirektoratet har fått laga plakatar som kan trykkast og hengast i båthamner langs kysten. Sjå vedlegga. Vi ber her kommunane om hjelp til å få trykt opp desse og få dei distribuert ut til småbåthamner i sin kommune. Miljødirektoratet refunderer utgifter til trykking om naudsynt. Ta kontakt med oss for detaljer om dette. Plakatar: Pdf er klare til trykk som A3 plakatar. Det er tenkt at desse skal henge på oppslagstavler i småbåthamnene/ nede ved bryggja og eventuelt andre relevante stader. Sosiale media: I vedlagte bildefiler er det ulike plakatar ein kan bruke i sosiale media, både Facebook og Instagram. Kommunane kan publisere dette sjølv i eigne kanalar, og/eller dele videre til andre. Der er lagt ved forslag til følgjetekst.


Nettside: Både QR-kode og tekst til sosiale media viser til denne sida: Stopp spredning av havnespy - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no) VKM rapport havnespy: Forprosjekt havnespy - Vurdering av strakstiltak våren 2022.pdf (vkm.no)


Med helsing Sissel Storebø seksjonsleiar Julie Marie Andersen seniorrådgjeva